tirsdag 9. desember 2008

"Auggie Wrens juleforteljing" av Paul Auster

Her kjem ei kort skildring av ”Auggie Wrens juleforteljing”. Novella er skreve av den amerikanske forfattaren Paul Benjamin Auster. Den blei først publisert 25. desember 1990 i New York Times, seinare vart den filmatisert. ”Auggie Wrens juleforteljing” er eit godt eksempel på korleis Paul Auster bruker detektivsjangeren til å utforske eksistensielle spørsmål knytt til identitet og meining

Juleforteljingar er ein svært populær sjanger rundt juletider. Det som kanskje er det beste kjenneteiknet ved juleforteljingar er at det vekkjer fram kjensler hjå lesaren. Elles er det typisk og skrive juleforteljingar i novellesjangeren. Dei fleste juleforteljingar inneheld ofte ein moral og ein lukkelege eller ulukkeleg slutt. Gjerne blir det også gjort ei god gjerning i juleforteljingane. Typiske tema i juleforteljingar er korleis folk ofte forandrar seg, dei beste sidene hjå folk kjem fram og kanskje gjer dei nok for å glede andre utan andre baktankar. Eg-personen i denne juleforteljinga assosierar juleforteljingar med ”tåredryppande, sentimentale historier” og meiner at desse historiene ”ikkje er anna enn ønskedraumar, eventyr for vaksne”. Denne skildringa syns eg egnar seg godt til å beskrive juleforteljingar.

Det er mange teikn på at ”Auggie Wrens juleforteljing” er nettopp er ei juleforteljing. Det første ein kan peike på er at novella blir presentert som ei juleforteljing i diktet. Elles kan ein seie at historia handlar menneskje som gjer gode gjerningar. Auggie gjer ein god gjerning for den gamle dama. Han held ho med selskap på julaftan, då det er meininga at ein skal vere saman med familien. Dette gjer han utan tanke på eiga vinning. På den måten er det ein typisk god ”juleforteljing-gjerning”. Det er og ein viss moral i forteljingar.

Det er viktig for Auggie Wren å ikkje få namnet sitt på trykk. Det kan vere fleire grunner til dette. Kanskje er han redd for å få publisert namnet sitt sidan han hadde stole frå den gamle dama og utgitt seg for å vere ein anna. Eller kanskje han berre ikkje vil bli ein offentleg person, om så berre for ei lita stund. Ein anna teori kan vere at den historia han fortalte om den gamle dama ikkje var sann. Eg syns Auggie Wren gjorde ein god gjerning. Men han skulle ikkje ha stole kameraet. Ikkje på grunn av den gamle dama eller barnebarnet hennar, men på grunn av hans eige samvit. Om det var eg som var Auggie Wren ville eg nok ikkje hatt namnet mitt på trykk. Sjølv om eg gjorde ein aldri så god gjerning, så kunne ikkje det tilgi det at eg hadde stole.

Tid er viktig i denne novella. Auggie Wren kallar seg sjølv for kunstnar. Han har tatt bileta av den same plassen på sametidspunkt kvar dag over fleire år. Det han får fram på bileta er tida, korleis ting forandrar seg eller er det same. Handling forgår på forskjellege tidspunkt. Vi hoppar mellom historier.

”Auggie Wrens juleforteljing” inneheld ikkje berre ei historie, men fleire. Det hele startar med historia om eg-personen og korleis han trefte Auggie. Så får vi høyre fleire små historier om han og Auggie. Tilslutt er det historia som Auggie fortel til eg-personen, om då han vart rana og då han åt julemiddag med den gamle dama. Det er svært typiske for Paul Auster å trekkje fleire historier inn i historia.
Kjelde: "Auggie Wrens juleforteljing" av Paul Auster